Å leva, det er å elska
Det beste di sjel fekk nå;
Å leva, det er i arbeid
Mot rikare mål å trå.
Å leva, det er i livet
Å finna det største verd;
Å leva, det er å vinna
Til sanning i all si ferd.
Å leva, det er å leggja
All urett og lygn i grav;
Å leva, det er som havet
Å spegla Guds himmel av.
- Anders Vassbotn, 1893 -

0 kommentarer:
Post a Comment